Fake it till you make it!

0618grafisk_prosjektprofil_hafs

Språkkommunene Fjaler og Gulen valgte i 2016 å delta i Sjå heile meg-prosjektet i regi av Intempo. Dette innebar mellom anna at Bravo-leken, språkverktøyet for dei minste, skulle implementerast i ti barnehagar. Oppvekstsjefen i Gulen, Jan Ove Einebærholm, seier at dei no er veldig glade for å ha skaffa seg eigne erfaringar og at verktøykassa til dei tilsette er utvida med enda eit godt verktøy. Denne satsinga kjem dei til å følgje opp systematisk vidare!

Barnehagefeltet er eit attraktivt satsingsfelt for mange aktørar. Tilsette i barnehagar har gjennom mange år måtte tole store endringar. Utfordringar med ”stadig nye satsingar” og ”nye prosjekt”  er velkjent, difor krev eit vellykka prosjekt ein stor innsats og ei positiv innstilling frå alle dei som er saman med barna kvar dag. I dette prosjektet fekk vi nok ei stadfesting på at med vilje til å tilpasse seg og justere praksisen undervegs, så kan vi lukkast med innovasjon i offentleg sektor. Begge kommunene har hatt ei vellukka implementering og vil vidareføre ei varig endring av praksis.

Skeptisk
Torunn Åsnes, pedagogisk leiar i Guddal barnehage var skeptisk frå starten av på grunn av sine kritiske tankar til språkpakkar og Bravo-leken spesielt. Det ville seg nemleg slik at samstundes med oppstart av prosjektet vart det publisert eit debattinnlegg i Første steg 1/17,«Språkpakker er ingen gavepakker», der artikkelforfattarane Cecilie Dyrkorn Fodstad og Christine B. Østbø Munch skriv kritisk om språkpakkar og om Bravo-leken spesielt. ”Alt som står i artikkelen tenkte eg og, før eg byrja å bruke det sjølv», fortel Åsnes. «Men sidan kommunen hadde bestemt at Bravo skulle nyttast i alle barnehagar, var det berre å følgje opp. Dersom eg hadde lete min skepsis mot Bravo skine gjennom og styre meg, er eg sikker på at vi hadde fått eit heilt anna resultat og utvikling av leiken enn det vi faktisk har opplevd. Som sagt, eg spelte engasjert heilt til eg klarte å vere det! Og det virka! Uttrykket «fake it till you make it», vart eit godt bilete på det eg måtte gjennom.»

«Det den før nemnde artikkelen ikkje skreiv noko om, er at Bravo ikkje skal erstatte anna språkarbeid i barnehagen, men vere eit supplement til dette. Leiken erstattar ikkje t.d. bøker, opplevingar, samtaler, rim og regler, men den kjem i tillegg til alt vi driv med av språkarbeid i barnehagen. Bravo har gjort til at det er ein annan kontinuitet og systematikk over språkarbeidet, det er eit opplegg som er slik at det vert mest mogleg likt for borna, uavhengig av kven som leiar Bravo-økta. Språkarbeidet har vorte meir synleg for alle aktørar, brukarar, tilsette og eigar. Vi har fått eit eigarforhold til Bravo-leken og har kunne gjort den til vår eigen sidan det er rom for tilpassing undervegs. Eg meiner framleis at ein kan vere skeptisk og kritisk til språkpakkar, men det er fornuftig å setje seg inn i det før ein kritiserer. Som med alle verktøy skal Bravo-leken brukast med eit kritisk blikk, ope sinn og sunn fornuft!» avsluttar Torunn Åsnes.

Sjå heile meg-prosjektet har vore eit treårig samarbeid om ekstra tidleg innsats i dei to språkkommunene Fjaler og Gulen i HAFS-regionen, kor målet har vore å tilby kunnskap og verktøy som kan fremje barna si utvikling og førebygge vanskar. Kommunene har samarbeidd med Intempo som tilbyr Bravo-leken som verktøy og kompetanseheving for dei tilsette.

”Vi veit at det er totalen i kvardagen ungane møter, som betyr noko, og ikkje enkeltfaktorar. Når kvardagen er prega av glede og meistring, så lærer dei. Eg er trygg på at det vi har lært i prosjektet, saman med det vi allereie gjer, har virkning, fordi det gjer noko med systematikken og medvitet til dei vaksne, seier oppvekstsjef Jan Ove Einebærholm og held fram; ”Ein av dei tinga vi må følge opp etter satsinga er at begynneropplæringa i skulen må tilpasse seg elevar med endra føresetnader. Vi ser at dei kan meir og har eit bedre grunnlag for å lære å lese, skrive og rekne. Ein god overgang mellom barnehage og skule er vi opptekne av, og vi har eit tett samarbeid, så dette skal vi sikre.»

Les heile rapporten frå prosjektet her.

Trur du eit Sjå HEILE meg-prosjekt kan vere noko for andre? Del gjerne!