2009: Klart vi kan!

0219 10 ar bakkelidgrenda_680
Intempo 10 år – en hyllest til kunnskapsbasert praksis!

Intempo er en sosial entreprenør som tilbyr Se hele meg-prosjekt til norske kommuner. Et viktig element i Se hele meg er implementering av tiltak i barnehager og på helsestasjoner som fremmer barns tidlige hjerneutvikling. Gründerduoen Heidi Aabrekk og Elisabeth Hunnes har de siste 10 årene utviklet verktøyet selskapet er mest kjent for; Bravo-leken. Vi ønsker å bruke jubileumsåret 2019 til å se oss litt tilbake og benytte anledningen til å takke og løfte fram noen av dem som har vært med på å forme dette tankesettet som viser seg å gjøre akkurat det vi hadde som mål; å gi de minste barna en utvikling som varer. Vi starter med den aller første barnehagen som fikk prøve ut, det som den gangen het Språkleken Bravo. 

Klart vi kan!

2009 – Bakkelidgrenda barnehage, Gloppen

I 2009 tok Heidi Aabrekk kontakt med styrar Else Bakkelid i Bakkelidgrenda barnehage og fortalde om erfaringane ho hadde gjort heime med sonen sin og om prototypen av Språkleken Bravo som no var klar. På spørsmål om dei ville prøve det ut, levde dei allereie opp til mottoet sitt: Klart vi kan!

Bakkelidgrenda var ein av dei aller første barnehagane som Intempo samarbeidde med. Den gongen var der ingen vekeplanar, korta hadde ikkje bilete, alfabetet var ikkje med og Bravo-runden var under utprøving. Med stor eigeninnsats implementerte barnehagen språkleiken som ein del av ein elles innhaldsrik kvardag. Eit samarbeidsprosjekt med midlar frå fylkesmannen i Sogn og fjordane vart gjennomført, evaluert positivt og presentert på barnehagekonferansen i Loen. Vi har hatt kontakt med jamne mellomrom, og opplevinga vår av denne barnehagen er at den er solid på alle måtar. Rammene ligg godt til rette for god drift, personalet er engasjert, foreldra er fornøgd og dei tilsette arbeider målbevisst med Beste praksis og held seg oppdatert på ny kunnskap.

I februar stilte barnehagen også opp i ei NRK-sak om symjeopplæring!

Kva er det som gjer Bakkelidgrenda til ei god praksisfortelling? Vi let barnehagen sjølv skildre sitt arbeid. Vi håper de les og let dykk inspirere!

Klart vi kan!
Bakkelidgrenda barnehage er ein privat barnehage som blei starta opp i 2008. Vi ligg landleg til på Vereide i Gloppen kommune. Per i dag er det 12 små barn 1-3 år og 10 store barn 3-6 år. Visjonen vår er: Bakkelidgrenda barnehage – klart vi kan! Med utgangspunkt i denne visjonen ligg der ei haldning til at vi er positive og kan få til akkurat det vi vil. I samarbeid mellom barn, foreldre og personalet skal barnehagekvardagen leggjast til rette for kvar einskild på best mogleg måte.

0219_ordkortøkt_bakkelidgrenda_680Vi gjer Bravo til vårt eige
Etter at fleire av oss fekk innføringskurs i Bravo, vart leiken tatt meir i bruk. Det vart enklare for alle når vi kunne ha fleire Bravo-sjefar som kunne ta ansvar for kvar sine grupper. Vi fekk også eit meir personleg forhold til Bravo. Etter kursa har vi gjort det til vårt eige for å få nytta det på ein måte som fungera betre i vårt årshjul. Vi har laga vår eigen plan, der orda passar opp mot tema vi jobbar med. Vi har valt og jobbe med Bravo-leiken i to bestemte periodar for å unngå at det ramlar ut grunna tilvenning, jul og sommar. Dette har fungert kjempeflott for oss. Det som har vore viktig for oss, har vore å kunne nytte Bravo-kort som ei støtte til anna pedagogisk arbeid i barnehagen. Vi har tilpassa bruk av Bravo-leik og Bravo-kort inn mot anna pedagogisk arbeid.

Utanom periodane med sjølve Bravo-leiken, har vi nytta hefta med Juleevangeliet, påske, samane og biletkorta ute og inne (vårblomstrar, bær m.fl.).

Med dei største borna blir skogen og tur i nærmiljøet mykje nytta. Vi har skoggrupper der borna får brukt språk og motorikk. Vi lagar mat i skogen, sansar i naturen og har samlingsstunder ute. Vi har også førskulegrupper og 4 års grupper saman med andre barnehagar. Vi nyttar eventyr med konkretar og så kan barna ha rolleleik med til dømes «Dei tre Bukkane bruse» som vi held på med no når vi er i skogen.

0219 bakkelidgrenda_vann_680Fleire viktige satsingsområder skaper heilskap og variasjon
Bakkelidgrenda barnehage sine satsingsområder er fysisk aktivitet og helse, arbeid med språkutvikling og sosial kompetanse. Dette er områder det vert arbeidd med kvar dag gjennom heile året. I tillegg kjem ein del andre fagområder som det vert arbeidd med i kvardagen og i periodar knytt opp til tema.

Gjennom heile året jobbar barnehagen gjennom periodar på 6 veker. Kvar periode har eit fagområde frå Rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver og eit tema som er knytt opp mot fagområdet. På denne måten har barnehagen utarbeida seg eit årshjul som fungerer på ein god måte.

Vi implementerer ny kunnskap i barnehagen gjennom leikegrupper, gruppedeling, skoggruppe, leik, samlingsstund, Bravo-leik, sansing og undring, turar i nærmiljøet, lesestund, tid til det enkelte barnet, bevisstheit rundt vår eiga rolle som rollemodellar, matlaging, musikksamling og Snakkepakken med eventyr og konkretar.

 0219 bakkelidgrenda_vinter_680Beste praksis – her og no og for framtida
1. januar – 15. februar, arbeidar  vi med temaet «Snø, is og vatn», dette knyt vi opp mot fagområdet «Natur, miljø og teknikk» gjennom Rammeplanen. Elles fagleg jobbar vi med å setje oss inn i den nye Rammeplanen for barnehagane som tredde i kraft august 2017. Vidare arbeider vi med resultatleiing der vi utarbeider beste praksis innan ulike områder. Dette er eit kontinuerleg arbeid med eit fokus i halvåret frå oppstart til avlevering. Gloppen kommune er også med i satsinga som språkkommune og dette arbeider både kommunale og private barnehagar utifrå. Vi arbeider også med leiingsprogrammet «leiing og kvalitet» gjennom beste praksis. Målsettinga er å jobbe systematisk med kvaliteten i barnehagen ved fokus på det fagleg pedagogiske arbeidet og utvikle profesjonelle medarbeidar arsom er bevisst måten ein jobbar på og som kontinuerleg jobbar med å utvikle og forbetre praksis. Vi jobbar med eit fokusområde i ca. 4 månadar. Fokusområdet gjeld for alle barnehagane i kommunen.

Det som motiverer oss og som gjer det lettare å ta i bruk ny kunnskap i barnehagen er at vi tilpasser det til lokale forhold, gjer det til vårt eige og skaper oss eit eigeforhold til det vi gjer.

Sjå meir om Bakkelidgrenda på nettsidene deira.

 

Del gjerne Bakkelidgrendas gode praksis med andre!