Stille – heilt stille!

stilleheiltstille_680

Årets femte gjesteblogger er  Anne Brith Tangenes som har mange års erfaring med systematisk ekstra tidlig og helhetlig innsats i barnehagen, med bl.a. Bravo-leken. Hun deler her sine tanker rundt Meld. St. 19: Tid for lek og læring i barnehagen. 

Stille – heilt stille!

Eg har i lengre tid vore stille, alt for stille. Diskusjonen om norske barnehagar rullar i alle samanhengar; på tv, i aviser, på nettsider, ja det går nesten ikkje an å opne ei avis utan at noko står skrive. Og kva gjer dei fleste av oss som jobbar i barnehage – vi er stille, heilt stille! Akkurat som om vi venter på at diskusjonen skal reke forbi som ei fjøl i sjøen etter den siste stormen. Det roer seg nok snart, det er sikkert nokon andre som tar tak! Men folkens – det skjer ikkje!

For min eigen del kjenner eg at no er det nok, det er på tide å snakke! Dei som kjenner barnehagesektoren best må opne munnen, kome fram med kompetansen, snakke høgt om erfaringar, svare tilbake på alle nye krav og forventningar. Vise korleis vi kan forene nye krav med det vi allereie gjer, og ikkje minst vise tydeleg at det er vi som har skoa på, det er vi som veit best korleis barnehagekvardagen bør være! Ikkje for vår eigen del, men for alle barna sin del!

I fem år har vi dei på lån. Dei må ikkje vere der, barnehagen er ikkje obligatorisk, men dei fleste er der likevel. I fem år! For ei moglegheit vi har, og jammen tar vi den og – det er berre det at vi ikkje viser det til nokon. Vi er nemlig stille, heilt stille!

Åra frå 0-6 er den perioden i livet barna tileignar seg mest kunnskap, dei lærer aldri så mykje på 6 år som i denne perioden. Barnehagedagen er prega av utallige aktivitetar. Heile dagen er der eit yrande liv på alle avdelingar. Timane er prega av gode læringsaktivitetar; av leik, fysiske utfordringar, meistringsfølelse, konfliktar, Bravo, glede, humor, språk, lesing, synging, teikning, samtalar, latter og gråt, vennskap, krangling, maling – artikkelen her kunne vore full av aktivitetar, men eg trur de skjønner poenget. Og alt dette saman med nærværande, kompetente og gode vaksne. Vaksne som kvart minutt av dagen er der for barna. Vaksne som kvar dag støtter og som vegleiar, som brukar kompetansen sin kvart minutt til det beste for alle barna vi har innom våre fire veggar. Som kvar dag går heim litt tom, men som allereie i det dei går ut porten lurer på kva dei skal gjere neste dag, som ligg våken om nettene og tenkjer på det barnet som har litt utfordringar i kvardagen, som tek vare på tomme dorullar og eggekartongar – det kan jo brukast til noko. Nærværande og kompetente vaksne som er stille, heilt stille!

Pedagogar i norske barnehagar har 4 timar pr. veke til alt planarbeid. Og det er mykje som skal planleggast. Det dei ikkje får tid til i løpet av desse fire timane gjer dei heime. Kvifor? For barnets beste vel, fordi dei har eit brennande engasjement for det dei held på med. Fordi dei minste treng det meste av det beste. Og det er det vi som veit kva er! Fire timar til førebuing, men og til kompetanseheving – for det gjeld å henge med i svingane. Det kjem stadig ny kunnskap om barn som ein må tileigne seg. Styrar kjem med sine krav for ting som må bli gjort. Oppfølging av enkeltbarn, pedagogiske rapportar som må skrivast av dei som er tettast på, ansvarsgruppemøter skal førebuast og foreldresamtalar planleggast og gjennomførast. Som styrar prøver eg å la pedagogane verne om denne tida, men i det ein kjem på jobb og nokon er sjuke, ja då er det lett å velje det vekk. Men så vert arbeidet gjort likevel – heime! Og dei er stille, heilt stille!

Det er nettopp dette som er poenget, eit brennande engasjement for dei minste. Barnehagepersonalet må vere barna si stemme, vi må snakke høgt om kva vi gjer og kvifor. Det er jo vi som veit mest om dette, om kva som er gode kvardagar for barna. At kvardagane i barnehagen må vere på barnas premiss, lagt opp slik at dei lærer det dei treng lære før dei byrjar i skulen. Men kvifor er vi stille? Jo fordi vi konsentrerer oss om å gjere det meste av det beste, då har vi ikkje tid til å snakke.

Barna er påkopla heile dagen, villige til å ta inn over seg alt det vi fortel, alt vi prøver å lære dei, av alt dei får være med å prøve, kanskje feilar vi – men neste gong får vi det til!

Hadde alle dei som utaler seg om barnehagar vore innom i eit par vekes tid hadde dei sett alt dette. Dei hadde fått eit anna syn på alt det gode arbeidet som kvar dag blir gjort, på kor mykje kunnskap dei som arbeider i norske barnehagar har, kor flinke dei er til å la barn være barn. Då hadde vi kanskje sloppe å lese om meir realfag i barnehagen fordi norske barn vert dårlegare lesarar, vi hadde fått ei anerkjenning for det arbeidet vi gjer, for ein ting er sikkert- vi verken vil, eller skal, verte skule. Det er det inntrykket eg får når eg les noko av det som kjem fram i media no. Men eg er heilt stille, så stille at eg ikkje les noko frå Kunnskapsministeren lengre. Men det kan eg ikkje seie høgt, eg må vere heilt stille! (Elles er det ikkje godt å vite korleis eg vert opplevd!)

I mine år som styrar har eg samarbeidd med mange og eg har delteke på mange kurs og konferansar. Av alt dette er det er eit møte eg aldri kjem til å gløyme. Eg var i Oslo, invitert av Heidi Aabrekk til å vere med på Stortinget. Stort! Møtet på Stortinget gjekk bra, vi vart lytta til, men om eg ser noko igjen av det vi formidla i den norske barnehagepolitikken er eg usikker på. Før vi gjekk på Stortinget samla me oss til lunsj. Det vart ein ivrig dialog rundt bordet, om kva vi må, om kartlegging, språktestar, problem som må løysast og utfordringar både store og små kommunar hadde. Rundt eit bord satt vi, 7-8 damer med eit brennande engasjement for barn og barns utvikling. Når eg sit for meg sjølv, stille, tenkjer eg ofte på den lunsjen, tenk om alle kunne fått tatt del i den samtalen. Tenk kor mykje kunnskap dei kunne fått om barn og om god norsk barnehagetradisjon. Det gjev meg motivasjon til å fortsetje, til å gje barna det meste av det beste – fordi dei fortjener det!

Eg skal aldri meir vere stille! Eg har ei stemme som bør bli hørt, som bør snakke på norske barn sine vegne, på personalet sine vegne, for å sikre at vi kan gje barna det meste av det beste den tida dei er i barnehagen!

Tre råd til Kunnskapsministeren:

  1. Hjelp oss til å ikkje vere stille lengre!
  2. Inviter til ein felles dugnad for å gje dei minste barna det meste av det beste!
  3. Godta den gode norske barnehagetradisjonen og den jobben som blir gjort der!

– Anne Brith Tangenes

Er du enig? Uenig? Del gjerne!