Lokallagstilbod

Skriftspråkstimulering for dei minste

Vi veit at det er summen av det barnet opplever som formar og utviklar hjernen. Å møte det nynorske skriftspråket frå ein er heilt liten bidreg til å skape koplingar i hjernen, som barnet kan hente fram og gjere seg nytte av etter kvart som det vert eldre. Intempo tilbyr nynorsk skriftspråkstimuleringsmateriell til barnehagar og skular i form av lettleste bøker og språkverktøyet Bravo. Ynskjer ditt lokallag å gje lettleste Maxibøker eller språkvertøyet Bravo i gåve til barnehagar eller skular i ditt nærmiljø? Bestill nedst på sida og nytt rabattkoden «NoregsMållag» for å få rabatt eller direkte på post@intempo.no. Materiellet og/eller bøkene kan sendast direkte til barnehage/skule eller til lokallaget.

Kva er Bravo?
Bravo-leiken er eit innovativt verkty som sikrar at barnehagen og spesielt småbarnsavdelinga har fokus på språk og fysisk aktivitet gjennom leik. Heidi Aabrekk vart kåra til årets gründerkvinne for sitt arbeid med Bravo-leiken i 2014.

Den tradisjonelle pedagogikken sikrar samtalar, høgtlesing, song, rim og regler. Likevel fell språksvake 2 åringar utanfor leiken og 20 – 29% les på det lågaste nivået i 5. klasse.  Desse borna ville ha stor nytte av eit stimulerande miljø dei første leveåra. Ofte veit vi ikkje kven desse borna er når dei er små, og vi gjev difor noko ekstra til alle barna; vi tilbyr dei Bravo-leiken i samlingsstunda. I små grupper får dei delt i ein aktivitet på 10-15 minutt som introduserer ord og omgrep gjennom alle sansane. Dei vaksne grip høva som byr seg resten av dagen til å repetere orda, skape innhald og forståing gjennom samtalar og aktiviteter, som eit supplement til det borna sjølv tek initiativ til.

Gjennom Bravo-leiken vi å legge til rette for at borna byggjer gode nok nettverk i hjernen, eller eit betre ordforråd, større forståing av ord og omgrep og tryggare språkleg medvit. Dette vil hjelpe dei til å bruke språket og motorikken slik at kommunikasjon, leik og venskap vert lettare for dei. Resultata syner pr d.d. at innsatsen kommunene gjer utjamner ulikskap ved skulestart. Fleire born enn tidlegare kan lese i 1. og 2. klasse og behovet for spesialundervisning er markant redusert. Les meir om resultata våre her!

Nettkurset om Bravo-leiken er gratis og ope for alle som er interessert i tidleg språkstimulering. Sjå modulane her! Dersom barnehagane ønskjer kurs på eit personalmøte eller ein planleggingsdag er dette sjølvsagt også mogleg. Dersom heile kommunen ønskjer å satse på dei minste, så kan eit toårig prosjekt også setjast i gang.

Bravo Maxibøker – lettleste nynorske bøker
Bravo Maxibøker er ein faktabokserie om 10 norske dyr (brunbjørn, ulv, gaupe, rein, rådyr, nordflaggermus, piggsvin, brunrotte, raudrev og ekorn). Bøkene har svært stor skrift som gjer det lett å sjå og lese teksta. I kvar bok er det fem nøkkelord, fire faktasetningar, bilete og spørsmål til teksta. Pris: 1 sett á 500 kr, 5 sett á 2000 kr, 10 sett á 3000 kr + frakt

Bravo Kickstart/Level Up – språkverktøy
Bravo Kickstart/Level Up er eit språkverktøy som vert brukt i over 350 norske barnehagar. Bravo-leiken er eit innovativt verktøy som fremmer systematisk språkstimulering gjennom ein aktiv leik med fokus på språk og fysisk aktivitet. Målet er betre ordforråd, begrepsforståelse og språklig medvit. Du kan lese meir om Kickstart/Level up her. Pris: 9490 kr, lokallaga får 20% rabatt ved å bruke rabattkoden «NoregsMållag» og betaler då 7592 kr + frakt

Materiell, nettkurs og ferdig opplegg til 48 uker med Bravo i samlingsstunden.

9.490,00kr Se innholdet

10 lettleste faktabøker med ekstra stor skrift om 10 norske dyr på nynorsk.

500,00kr3.000,00kr Velg alternativ